Høsten er over oss!

og høstfargene flaksar rundt omkring. Dei er i ferd med å legge seg ned på bakken og sleppe vinteren til.
Alle danseringane er i full gang med å øve inn nye danser, og dansarane gler seg over å koma i danseform igjen.
Eg meiner at dette nummer av Gladringen har eit variert innhald, mest interessant er vel artikkelen til lege Gunnar Hansen om dans og demens.
Undersøkelsen som er gjort blant eldre angåande demens og fritidsaktivitetar i USA, varte i heile 21 år, den bør vi kunne stole på.
Da er det godt og tenkje på at alle vi 11 200 som er med i seniordansen har vald rett fritidsaktivitet! Eg kjenner det sjøl, føler eg har fått god styring på heile kroppen.
Eg spør meg ofte, kva er det med seniordansen som gjer at eg får ein så god følelse når eg har vore på øving?
Og sidan danseringen min har hatt swing og seniordanskurs, vart gleda enda større ved danseøvingane.


Eg ser det på dei andre i danseringen og, alle blir så glade og blide når swingmusikken set i gang. Vi danser ikkje til sutremusikk, seier Marit Tingelstad. Så sant, så sant.
Er ikkje det eit godt teikn på at swing bør bli ein del av seniordansen? I folkerike område er det nok rett som Per Haarr skriv i sin kommentar at danseringane bør starte
nye grupper med nye dansere. I meir grisgrendte strøk må vi legge opp øvingane slik at både gamle og nye dansere blir tatt vare på.
Når det gjeld rekruttering så må du lese om Kopervik seniordans og korleis dei gjorde det for å bli best i landet.
Eg synes Lillehammer seniordans har gått føre med eit godt eksempel når det gjeld lavterskel førstehjelp. Det treng ikkje vera så profesjonelt,
kanskje vi lærer meir når vi legg opp kurset sjølve slik dei gjorde. Digitalisering er vel det store «spøkelset» som lurer framfor oss.
Men ein treng ikkje frykte det. Eg trur vi må tenkje lavterskeltilbud der også, ikkje tenk at det er noe som er så vanskeleg at eg aldri lærer det.
Alt kan lærast. Dei fleste i seniordansen har barnebarn som er superflinke på dette med å laste ned musikk. Få dei til å ta eit kurs med bestemor eller bestefar.
Til slutt eit lite hjertesukk frå redaktøren. Eg får så mange innspel frå lesarane om jubileum, turer og mange flinke danseledere som har både 15 og 20 års erfaring.
Det er flott, tusen takk for at døkk sender stoff til Gladringen, men Gladringen har ikkje så mykje plass til slikt stoff.
Medlemsbladet skal ha informasjon frå styret, frå DMU og andre nyheiter frå sentralt. I tillegg må vi selja annonser for å finansiere bladet.
Da blir det ikkje så mange sider igjen. Eg foreslår at døkk fortset og sender stoff om jubileum, turer og flinke danseledere, men det blir lagt på heimesida til SN,
ofte på sidene til regionane.

Godt danseår !


Redaktør for Gladringen Aud Einbu 

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)